top of page

Tveita Gardsmat

-  Vår historie  -
TveitaBær-39x.jpg

Kathrine er utdanna kokk og har lange kjøttradisjonar i slekta. I 1930 etablerte bestemor og bestefar (Kathrine og Andreas Grytten)  Grytten kjøtt og fisk i Førde. Helge Grytten overtok og dreiv fram til 2013. Dei produserte ei julepølse som vart kalla Grytten pølsa. No blir Grytten pølsa produsert i Gulen hos Tveita Gardsmat.

Yngve vaks opp på gard med bærproduksjon på Takle og fekk interesse og kunnskap  for bærproduksjon der. Det er denne interessa han har ført vidare på garden i Tveita.​

Slik tek me med oss kvar vår historie, interesser og kunnskapar i den vidare produksjonen på garden.

Kathrine har drive med catering verksemd sidan 2001

I 2018 vart cateringbedrifta flytta heim på garden i nyoppsett driftsbygning med kjøken og  gardsbutikk/ kafé.

Matutlevering:

Me leverar mat til alle slags lag .

Gardsbutikk/kafé: 

Eigne produkt som saft, syltetøy, pølser, karbonadar og kjøttkaker.

Har og litt produkt frå andre lokalmatprodusentar.

Garn og strikkevarer frå Hillesvåg ullvarefabrikk.

Eit lite utval av handlaga skåler og  bestikk  frå det sørlige Afrika.

Tveita_gardsmat_historie
-  VÅR GÅRD -
bottom of page